Vanskeleg for barn og unge å logge inn
Å logge inn med Feide kan være vanskeleg for barn og unge. Elevane loggar seg inn med Feide allereie frå 1. klasse, da er dei 5–6 år. Mange av elevane kan ikkje lese eller skrive på det tidspunktet. Det gjer det vanskeleg for dei å både hugse og å skrive brukarnamnet og passordet sitt som dei treng for å logge seg inn på dei digitale tenestene. Det gjer at lærarane ofte brukar ein del tid på å hjelpe elevane med å logge seg inn.
Mange elevar får også enkle passord, passord etter ein mal som gjeld for heile klassen eller at lista med brukarnamn og passord heng ein stad i klasserommet. Det gjer at det blir dårleg passordsikkerheit.
Sikt og Utdanningsdirektoratet jobbar no med å gjere det enklare for barn og unge å logge seg inn med Feide.
Dette gjer vi for å gjere innlogginga enklare
Vi har gjort ein del innsiktsarbeid, og kome fram til nokre potensielle alternativ til dagens innloggingsmetodar. Vi brukartestar desse på elevar i 1. klasse, og snakkar med mellom anna lærarar og andre interessentar om kva alternativ dei har mest tru på.
- Moglege alternativ til innloggingsløysingar
-
PIN-kode
Innlogging ved hjelp av PIN-kodar vil innebere at kvar elev får sin eigen PIN-kode som passord. Dette vil fungere på tvers av einingar, slik at det ikkje er nødvendig at alle elevane har ei si eiga eining
Grafiske passord
Grafiske passord fungerer ganske likt som PIN-kodar, men bruker bilete eller figurar i staden for tal, noko som kan vere hjelpsamt for dei som ikkje har så gode lese- og skriveferdigheiter. Dette vil òg fungere på tvers av einingar, og vil dermed ikkje krevje at elevane har si eiga eining.
QR-kode
I praksis vil dette innebere at kvar elev får sin eigen QR-kode som dei kan ha med i sekken eller oppbevare på skulen. Dei vil bruke webkameraet på eininga si til å skanne QR-koden når dei skal logge inn. Basert på den innsikta vi har samla inn, så har alle elevar tilgang til ei eining med webkamera. Dette vil fungere på tvers av einingar, noko som gjer det mogleg for skular som ikkje har 1:1-dekning av einingar å ta i bruk denne løysinga.
Innlogging med Google
Elevar som har ein Google-konto på skulen, kan logge seg inn via den i staden for å logge inn med brukarnamn og passord via Feide. Ved å ha ein eigen "Google-knapp" som alternativ innlogging, vil det vere mogleg å logge inn med eitt klikk. Dette liknar på ei løysing vi har i dag for Microsoft (Entra ID).
- Innsiktsarbeid og brukartesting
-
For å finne ut korleis vi skal lage ei enklare innlogging for barn og unge, har vi satt i gang eit innsiktsarbeid.
Dette gjer vi i innsiktsarbeidet
- Drar på skulebesøk for å sjå korleis barn og unge bruker Feide-pålogging i klasserommet.
- Hentar innspel frå ulike kommunar og tenesteleverandørar og høyrer om erfaringane deira med innlogging.
- Går gjennom relevant forskingslitteratur.
- Ser kva innloggingsløysingar andre brukar.
- Brukartestar ulike innloggingsløysingar med elevar i 1. klasse.
Dette har vi funne ut så langt
Nokre av dei foreløpige funna vi har frå innsiktsarbeidet, er at
- det er mykje bruk av autofyllylling av passord med passord lagra i nettlesaren
- dei yngste elevane stort sett ikkje har noko forhold til brukarnamn og passord
- “raskaste veg til mål” gjeld. Elevane er lite bevisste på kva dei eigentleg trykker på
- bruk av QR-kodar eller symbol er dei vanlegaste alternativa til passord for mindre barn
- organisasjonsveljaren er vanskeleg å forstå og visast for ofte
- enkelte skular bruker ikkje digitale læremiddel i 1. klasse fordi det er for vanskeleg å logge inn med brukarnamn og passord
- Prøver ut passnøklar
-
Passnøklar er ein enklare måte å logge inn på ved hjelp av til dømes fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning, og brukast allereie av mellom anna Google og Microsoft. Dette vil berre fungere for skular der elevane har ei eiga eining, så det vil dessverre ikkje bli mogleg å bruke denne løysinga for skular som ikkje har dette.
Vi har byrja utviklinga av innlogging med passnøklar, og dei vil i første omgang kunne testast av "entusiastar" før dei eventuelt kan takast i bruk av elevar.