Om Feide

Feide er den nasjonale løysinga for sikker innlogging og datadeling i utdanning og forsking.

Med Feide får elevar, studentar, tilsette, forskarar og undervisarar trygg og riktig tilgang til ei rekkje ulike digitale tenester med eitt brukarnamn og passord. Feide tilbyr også sterk autentisering når ein treng sikrare innlogging.

Fordelar med Feide

Feide gjer det mogleg å dele data sikkert og enkelt, samtidig som personvernet til brukarane blir teke vare på. Feide gir god oversikt og kontroll over dataflyten, og gjer det mogleg med datadriven innovasjon.

Kva skjer i Feide framover?

Feide sitt vegkart viser det vi planlegg å levere dei neste tolv månadene. Vi oppdaterer vegkartet etter kvart som prioriteringane endrar seg.

Sjå kva som er planlagt i vegkartet.

Feide er levert av Sikt – kunnskapssektorens tenesteleverandør. Vi samarbeider med Utdanningsdirektoratet om forvaltninga av tenesten.